Heim

Lucy (3)
Lucy – Tibetansk spaniel

Dyrevernlaget Indre Sogn er ein frivillig dyrevernorganisasjon i Sogn og Fjordane med primært arbeidomsråde i dei åtte kommunane Vik, Baleatrand, Leikanger, Sogndal, Luster, Aurland, Lærdal og Årdal.

Organisasjonen arbeidar for dyr sine rettar og velferd, me hjelper dyr som er i naud, me driv omplasseringstjeneste for dyr som treng nye heimar av ulike grunnar, me hjelper dyr som er sakna og/eller funne med å finne eigaren sin og me driv omsorgsprogram og hjelper heimelause dyr. Dette er nokre av arbeidsoppgåvene me har kvar dag – me er der når det offentlege sviktar.

Dyrevernlaget Indre Sogn samarbeider med Dyrevernalliansen, ein landsdekkande organisasjon for dyrevern i Norge som dokumenterar og bekjempar dyremishandling. Organisasjonen arbeidar politisk og er ein viktig og god støttespelar for vår organisasjon.

Styret,
Dyrevernlaget Indre Sogn

 

~~~ TIL ORIENTERING: NETTSIDA VÅR ER UNDER OPPDATERING OG ER FOR TIDA MANGELFULL. ~~~

Gå gjerne inn på vår fb-side «Dyrevernlaget Indre Sogn». Den er oppdatert til ei kvar tid og der kan du sjå og lese om katter som er klare for adopsjon.. og kva anna me driv med ?