«AKSJON SIMAS»

I oktober 2017 fanga vi første villkatt ved Simas-anlegget på Kaupanger. Kattane vart fanga, kastrerte og behandla hos veterinær. Alle 5 kattane vart plassert i fosterheim, og i no har to av dei (Sol og Sissel) fått permanent heim i fosterheimen sin. Simas-prosjektet var eit krevande prosjekt med overvåkningskamera og sjekking av feller gjennom vinteren. Om vi har fått inn alle kattane der ute er umulig å vite – men vi har forhåpentligvis stoppa ein katte-koloni til å utvikle seg vidare. Takk til Simas for samarbeid.

Omsorgsprosjekt i Utladalen på «Sunde Resirk»

I Januar starta Dyrevernlaget eit omsorgsprosjekt der 10 katter vart fanga inn, kastrerte, chippa og behandla. Vi bygde varmehus med fòringsstasjon, og desse villkattane vart satt ut i sine vante omgivelser, med tilgang på varme og mat. Tusen takk til Sunde Resirk for fantastisk godt samarbeid!

 

Årsmøte 13.03.17

13. Mars hadde vi årsmøte i Sogndal
Vi er heldige og har fått med oss tre nye som ønsker å engasjere seg – det er framleis behov og plass til fleire!?

Leiar: Randi Aarethun
Nestleiar: Sandra Høyvik Grimelid
Sekretær: Jorunn Skålvik
Kasserar: Ingjerd Bøkenes
Styremedlemmer:
Åsta Birch
Line Mari Lundheim
Liv Martha Hansen
Nina Sandvik
Henriette Kjeldaas
Reidun Winter
Randi Ovrid
May-Ruth Walaker

Ikkje til stades på bilete; Ingjerd Bøkenes, Randi Ovrid, May-Ruth Walaker og Reidun Winter.

Styremøte 23.01.17

Årets første styremøte er unnagjort, og leiar Randi sin katt Molly deltok ivrig både i Skype-samtalen med nestleiar Sandra, og skriving av årsmeldinga. 3 timers avstand er ingen hindring for å engasjere seg for dyra 🙂
Som alltid er vi på utkikk etter fleire frivillige som ønsker å hjelpe dyr – sjå «Engasjement» i sidemenyen for meir info. Ta gjerne uforpliktande kontakt på vår vakttlf. 458 12 261 eller søk oss opp på Facebook; Dyrevernlaget Indre Sogn.

 

Styret,
Dyrevernlaget Indre Sogn