Engasjement

Image result for hand holding paw
Dyrevernlaget har hatt det travelt frå første dag, mange dyr treng vår hjelp og behovet for fleire hender i organisasjonen veks. Arbeidsoppgåver me treng hjelp til er alt ifrå pass av dyr, henting og bringing av dyr, kakelotteri, mating og stell, organisasjonsoppgåver osv. Oppgåver er det nok av til den som har lyst. Ynskjer du å vera støttemedlem er du òg velkommen til oss, vår organisasjon er basert på frivillig arbeid og er avhengig av av inntekter frå medlemsavgifter, kakelotteri, grasrotandel, sponsorar og gåver.